|
Vi er lokalisert midt i grenda med samfunnshus, ljosløype, gardar, skog og vatn som næraste naboar. I skogen ovafor har vi ein gapahuk som vi brukar som turmål og utgangspunkt for ulike aktivitetar. Vi har og fått oss ein lavvo som står ved idrettsplassen rett ved oppvekstsenteret. Uteområdet er variert og blir flittig brukt i alle årstider.
Barnehagen har ei avdeling med 18 plassar.
Vi har aldersblanda gruppe frå 1-6 år.
No går det 16 ungar i barnehagen.
Skulen er to-delt med 1. -4. trinn.
Pr i dag er det 24 ungar ved skulen.
Vi brukar ulike gruppesamansettningar etter som kva vi arbeider med.Aldersblanda grupper gjer det enklare å arbeide med tilpassa opplæring, noko den nye læreplana legg stor vekt på.
Skulen og barnehagen har mykje samarbeid gjennom heile året.
Målet med dette arbeidet er å få til eit trygt og godt miljø med fellesskap, omsorg og ansvar. Vi vil at barna skal samarbeide og respektere kvarandre. Dette er ei viktig ballast å ta med seinare i livet. I tillegg får barna sosial trening og ei uformell læring ved at dei store må ta ansvar for dei små, og dei små lærar av dei store.
Foreldre og andre folk i grenda er gode samarbeidspartnarar for oss. Dei stillerr opp når dei blir spurde, eller dei tek initiativ sjølve og kjem med innspel på tema vi arbeider med. I løpet av året har vi mange ulike arrangement der vi inviterar folk i grenda og det er alltid stort frammøte på desse .
|