BARNEHAGEÅRET 2012-2013Nå er søknadskjema for barnehageåret 2012-2013 kome, sjå lenkje til venstre. Søknadsfrist 1.mars 2012!
Endringskjema for dei som har plass, skal leverast i barnehagen innan 1.mars, dersom dykk ynskjer endring for neste år! 26.01.12 kl. 09:38
|
|
Tabell4. klasse skal lære å lese tabellar. No kan du gå inn på denne nettsida for å sjå kva namn som har vore mest vanleg i Noreg dei siste 130 åra. Veit du kva orda vassrett, loddrett, kolonne og rad betyr?
Les meir »
18.01.12 kl. 13:40
|
|
PlanleggingsdagI morgon, Onsdag 18.Januar er barnehagen stengt p.g.a planleggingsdag. 17.01.12 kl. 09:33
|
|
Besøk frå DunderlyNå har Bulder frå Dunderly kome i barnehagen vår. Han
har fått heiltidsplass, og vil væra med oss i barnehagen litt kvar dag. 17.01.12 kl. 09:31
|
|
Noregs beste skule.Noregs beste skule, eller Vaken og vågal i Vågå er eit samfunnsutviklingsprosjekt med målsetting om å lage Noregs beste skule. Lurar du på korleis det går med dette prosjektet, så må du klikke på "Noregs beste skule" i menyen over. Da kjem du til bloggen. 11.01.12 kl. 11:29
|
|
Ope BarnehageTysdag 24.januar kl 9-14 inviterer vi alle ungar i alderen 0-6år i Sjårdalen på besøk. Velkomne! 10.01.12 kl. 09:46
|
|
Norrøn mytologiÅrets fyrste fellestema i skulen blir norrøn mytologi. Da skal vi blant anna lære om Tor, Odin og Idunns eple. Du kan klikke deg vidare inn her så får du lesa meir om norrøn mytologi.
Les meir »
08.01.12 kl. 20:53
|
|
2012, vi er klare.Da er det torsdag 5. januar, og skuleungane kjem attende på skulen. No skal vi setja oss nye mål for det nye året. Vi skal ta 2012 med storm, og sanneleg skal det siste halvåret til skulen i Sjårdalen bli det mest spennande skulehalvåret vi har opplevd!!! 05.01.12 kl. 07:54
|
|
Godt Nyttår!!!Da er vi i barnehagen igang att!!
Oss tek det litt med ro i starten, MEN det kjem til å skje mykje spennande nå utover. Vi får besøk av både kjent og ukjent.........
Følg med, følg med ;)
Det kjem månadsplan uti veka. 02.01.12 kl. 15:07
|
|
JuleferieDa har både store og små ved Sjårdalen oppvekstsenter fått juleferie. Vi ynskjer alle ei god jul, og velkomne att i 2012. Barnehagen er ope att frå 2.januar, og skulen byrjar 5.januar. GOD JUL!!!! 23.12.11 kl. 21:51
|
|
Jul i stallenDa er alle på plass i stallen, og Jesusbarnet er godt ivaretatt av Maria, Josef og alle dei andre. Den siste adventsstunda til skulen i Sjårdalen er over. Skulen er no ferdige for i år. Barnehagen held ut nokre dagar til. God jul og godt nyttår! 20.12.11 kl. 14:31
|
|
NISSEN PÅ BESØKDa vi skulle gå attende til skulen og barnehagen etter øving på samfunnshuset Fredag 16.desember, så vi at det var tenda ljos ved lavoen, og det kom røyk opp av pipa. Vi gjekk for å sjekke kva dette var og såg da nissen. Nissen ba oss koma inn....
Les meir »
20.12.11 kl. 09:28
|
|
LUCIA13.Desember har det vorte ein tradisjon at barnehage-ungane går i Lucia-tog til skulen. Dette er ei stemningsfylt stund med song i myrke gangar, der både store og små kosar seg med varme lussekattar! 13.12.11 kl. 11:18
|
|
JuleverkstadKreative hender og julete atmosfære. Vi hadde ein veldig roleg og fin dag med juleverkstad. Ungane arbeidde i familiegrupper og var innom fem forskjellige stasjonar i løpet av dagen. Stemninga var skikkeleg god og julete, med julemusikk og julelukter. 12.12.11 kl. 07:25
|
|
Rart vêr.Rett før advent kom snøen, og vi kunne starte veka med akebrett og ski. Torsdag var snøen så godt som borte, og fredag var det berre noko glattis att. Men fotballkamp og sandkasseleik er artig i desember også, sjølv om vi alle ønskjer oss meir snø snarast 02.12.11 kl. 14:59
|
|
MILJØLÆREBesøk på miljøstasjonen i Vågåmo, tysdag 15.november 2011.
Les meir »
15.11.11 kl. 20:30
|
|
"Den som spiser .."Slik begynner "Grønnsaksspisevisa", og skal vi fylgje den så skulle alle ved Sjårdalen oppvekstsenter våre "passe mett i magen, glad og lystig hele dagen og så lett i bena at den ikke kan stå stille" etter Torsdagens grønnsakskoldtbord.
Les meir »
31.10.11 kl. 11:31
|
|
GrønnsakskoldtbordTorsdag 27.oktober inviterte barnehagen skuleungane på grønnsakskoldtbord. Detter er ein årleg tradisjon, og dei er ikkje vanskeleg å be...
Vi sit i familiegrupper, der det er både skuleungar og barnehageungar ved same bord. 31.10.11 kl. 11:23
|
|
Rundstykke-bakingDei minste ungane i barnehagen har baka rundstykker. Det var løyleg å sjå kor stor deigen vart!! 31.10.11 kl. 11:18
|
|
Mat frå IndiaI barnehagen har "mat frå ulike land" vore tema den siste tida, både i forbindelse med Forut prosjektet, og smaksprosjektet. Vi laga Chapati, som er eit brød frå India og ris med sur/søt saus til. Det var spennande å eta med fingrane. 31.10.11 kl. 11:15
|
|
GryteklutarBarnehagen laga gryteklutar i stofftrykk til Forutkafe`n, og vi har 5par att. Er det nokon som vil kjøpe eit par eller to til, så ta kontakt med personalet i barnehagen. 30kr pr.par 31.10.11 kl. 11:06
|
|
Fredag 21.oktober kl.12.00 - 14.00 er dykk invitert til kafe`ved Sjårdalen oppvekstsenter.
Det blir salg av diverse ting som elevane og ungane har laga, samt ting frå organisasjonen Forut! Inntekta går til Forut. Velkomne!
Les meir »
17.10.11 kl. 20:59
|
|
GrønnsakshageDei minste ungane i barnehagen har laga grønnsakshage i garderoba. Vi har fargelagt paprika, agurk, tomat, gulrot, nepe, potet,erterskjermer, blomkål, salat og brokkoli, som vi har festa på planter, oppå gjorda eller nedi jorda ettersom kvar dei veks. 30.09.11 kl. 12:21
|
|
KunstprosjektSkulen har starta opp eit omfattande kunstprosjekt. Vi skal måle på ein stor murvegg utandørs. Det blir eit flott landskapsbilete med fjell og vatn. Det kjem også til å bli plassert nokre kyr der. 26.09.11 kl. 20:09
|
|
GardsbesøkSkulen har vore på gardsbesøk. Vi tok ein rask liten fottur til ein av gardbrukarane i bygda. Der fekk vi lære meir om ku, kalv og okser. Vi hadde mange spørsmål, og vi fekk gode svar. Ekstra godt var det at vi fekk youghurt før vi gjekk att. 26.09.11 kl. 20:06
|
|
FOTOGRAFERINGFredag 23.september kl 9,00 kjem fotografen og forevigar alle ved oppvekstsenteret. 22.09.11 kl. 14:53
|
|
KICK OFF!!!Tysdag 20.september er det "kick-off" på smaksprosjektet for 5-åringane i dei kommunale barnehagane i Vågå. Vi vil starte med sang på scena ved kommunehuset kl 13.00, deretter servarar vi trollkrem til alle i Vågå.
Kom å smak på trollkremen vår!!! 19.09.11 kl. 21:52
|
|
Gå til skulen.Skulen deltok 8. september på "Gå til skulen-dagen". Vi var da med på Miljøagentane sin aksjon for å begrense eksosutslepp. Du kan lesa meir om miljøagentane på www.miljoagentene.no, og kanskje du vil starte ditt lokallag? 15.09.11 kl. 08:01
|
|
Konsert med SagolandSkulen har vore på konsert med Sagoland. Dei spelte Bukkene Bruse for oss, og brukte instrumenta når dei spelte rollene sine. Sjølv om dei var frå Sverige, gjekk det bra å forstå kva dei sa. 14.09.11 kl. 09:09
|
|
TytingturTysdag var vi på tytingtur. Vi tok bussen opp til Kleppe, og derifrå gjekk vi frå tytingtue til tytingtue. Vi var heldige med vêret, og det var også bra med tyting å finne. Vi kosa oss med litt ekstra god niste denne dagen. 06.09.11 kl. 18:56
|
|
FORELDREMØTETYSDAG 6.SEPTEMBER ER DET FORELDREMØTE. DET STARTAR MED BARNEHAGEN KL 18.00, FELLES FOR SKULE OG BARNEHAGE KL 19.00 OG FOR SKULEN KL 20.00. 05.09.11 kl. 12:46
|
|
GRASLAUKNå har vi hausta graslauken vår. Noko har vi frøyst ned og noko har vi turka slik at vi har graslauk til maten vår iløpet av vinteren. 02.09.11 kl. 14:55
|
|
BlomsterI dag har dei minste i barnehagen måla blomsterpotter og laga blomster oppi. Kjempefine!!! 02.09.11 kl. 14:50
|
|
NøttelitenTorsdag 1.september hadde vi besøk av "Nøtteliten" i barnehagen. Mens ungane satt å kosa seg med maten så kom det eit ekorn å sette seg utanfor glaset vårt. 02.09.11 kl. 14:48
|
|
Har funne rytma.Skuleungane er også attende på skulen. Nye og gamle elevar har funne seg godt tilrette i sine klasserom, og vi har no kome i den daglege skulerytma vår. Vi er allereie godt igang med læringa. 31.08.11 kl. 08:58
|
|
ENDELEG!!!!Nå er isbergsalaten, lollosalaten, nepene, erterskjermane og graslauken klare for innhausting, spennande!!! 25.08.11 kl. 12:11
|
|
SALATI dag har ungane plukka salat, erterskjermer, graslauk og nepe i grønnsakshagen vår, og laga seg salat. Ungane kosa seg både når dei laga salaten, og når dei åt etterpå. Nam-nam, dette var godt!!!! 25.08.11 kl. 12:18
|
|
GrønsakshageBarnehagen vil legge vekt på grønnsaker og frukt dette året og har sin egen grønnsakshage. Vi vil i den forbindelse bruke nettsida www.frukt.no til å finne oppskrifter, informasjon og idear. Under "lenkjer" på venstre side finn du lenkje til denne sida. 16.08.11 kl. 07:05
|
|
I dag er det siste dagen til barnehagen før ferien. Vi har stengt i 3 veker.
Fyrste dagen i det nye barnehageåret er tysdag 9.august.
Skulen byrjar måndag 22.august.
Ha ein fin ferie:)) 15.07.11 kl. 13:24
|
|
SkuleferieNo er skulen slutt for dette skuleåret. No er det skulefri med sommaridyll som ventar. Vi vaksne på skulen ynskjer alle elevane ein god sommar, og velkomne att til hausten. Lykke til i moom til dei som skal dit. På gjensyn! 23.06.11 kl. 13:06
|
|
Opning av hinderløypaVi har fått ny hinderløype. Pål Ragnar Austrem har vore arbeidsleiaren i foreldra sitt dugnadsarbeid. Difor var det han som stolt kunne klyppa snora og offisielt opne den nye hinderløypa vår. Gleda var stor! 23.06.11 kl. 12:52
|
|
GrønsakshageVi i barnehagen har laga oss ein liten grønsakshage. Her har vi sett poteter, sådd gulrot, sukkererter, nepe og salat. Vi har og planta rabrabra og graslauk.
Vi fylgjer med i spenning om noko vil kome att til hausten! 17.06.11 kl. 12:07
|
|
Kafè hjå 1. og 2. klasseMed ein femtilapp kvar kunne heile oppvekstsenteret gå på kafè hjå 1. og 2. klasse. Der kunne ein få kjøpt både saft og biteti. Det er viktig å lære seg å rekne med pengar. 07.06.11 kl. 12:38
|
|
I Sjårdalen er det bra å bu.Ungane i Sjårdalen har laga sin eigen Sjårdalsræpp. Du kan både høyre vi syng den, og du kan følgje med på teksta og syngje sjølv.
Les meir »
31.05.11 kl. 14:51
|
|
SykkeldagTysdag hadde vi sykkeldag. Da sykla vi hinderløype, og politiet kom og tok teknisk kontroll på syklane våre. Nokre fekk klistremerke for godkjent sykkel 2011. Andre fekk manglar som dei må rette på før dei også kan få klistremerke. 31.05.11 kl. 14:31
|
|
HinderløypeOnsdag var det gravermaskin her og i dag var det betongbil. Takket være ein fin og arbeidsviljug dugnadsgjeng blir det ny hinderløype til sumaren. Vi på oppvekstsenteret er glade for at foreldre stiller opp og gjer dette mogleg. 27.05.11 kl. 15:42
|
|
Stade & Toefte AirwaysFredag 27. mai var Sjårdalen oppvekstsenter på flytur. Barnehagen fekk seg ein liten tur til Trondheim. Skulen hadde ein lengre tur.
Les meir »
27.05.11 kl. 15:22
|
|
Flytur i SjårdalenKaptein Tøfte kom i barnehagen å innviterte oss på flytur på skulen. Der måtte vi igjennom sikkerthetskontrollen før flyvertinne Stade gav oss klarsingnal til å gå om bord. Vi hadde ein fin tur til Trondheim, som både store og små seint vil gløyma. 27.05.11 kl. 15:34
|
|
KunstIdag har dei minste ungane måla nokre fine bilder. Det er vel dette ein kan kalla kunst!!! 27.05.11 kl. 15:27
|
|
GongesertifikatetØving gjer meister! I 4. klasse arbeider vi no for å klare gongesertifikatet. Her kan du øve deg på tid.
Les meir »
26.05.11 kl. 13:57
|
|
MosesMoses er kjent for å ha møtt Gud i ei brennande tornebusk. Du kan lesa meir om Moses og hans liv.
Les meir »
24.05.11 kl. 12:46
|
|
Rubber duckyVi syng om gummianda i engelsk. No kan du høyre songen og øve deg sjølv.
Les meir »
24.05.11 kl. 09:31
|
|
Vatn er løylegNå er det våre søledammar ute nokre dagar, og det er populært med vatn. Sandkassa er mykje brukt og der er det fint å laga bekkar og elvar... 23.05.11 kl. 13:51
|
|
ForeldremøteHugs foreldremøte i kvel,. kl 18.00 for barnehagen, kl 19.00 felles for heile oppvekstsenteret og ca kl 20.00 for skulen. Håper på bra frammøte. Velkomne!!!! 23.05.11 kl. 13:45
|
|
Skulen offisielt opna.Elevane i Sjårdalen var onsdag beden til Vågåmo skule for å vera med på den offisielle opninga av nye Vågåmo skule. Rektor Torgeir Sæteren tok stolt imot alle barneskuleungane i Vågå og eit knippe politikarar. Statsminister Jens Stoltenberg var også der. 18.05.11 kl. 15:21
|
|
17. mai i Sjårdalen.Program:
Kl 1030 Toget går.
Kl 1130 Leik ute.
Kl 1215 Underhaldning i samfunnshuset.
Kl 1300 Mat.
Kl 1400 Toget i Vågåmo går.
Ein frå kvar heim tar med mat.
Det kostar 50 kroner for inngangen. Dei som har med mat kjem inn gratis.
13.05.11 kl. 07:33
|
|
Nye bord og benkar ute.Kommuna har gjeve oss to sett med bord og benkar. Det står til og med "Sjårdalen oppvekstsenter" på dei. No har vi robuste sitjeplassar i impregnert materiale på framsida av oppvekstsenteret vårt. 12.05.11 kl. 15:00
|
|
Statsministeren til Vågåmo skule.Måndag kjem statsministeren på besøk til Vågåmo skule. Han kjem for å vera med på opninga av nye Vågåmo skule. Skuledelen i Sjårdalen er også bedt til å vera med å feire den nye skulen. 06.05.11 kl. 15:54
|
|
No livnar det i lundar, no lauvast det i li.....Oss har vore på tur for å sjå etter vårteikn. Oss fann hestehov og høyrde mange fuglar, på bjørka var det små grøne "musøyro" og på grana var det nye skot. 03.05.11 kl. 09:34
|
|
ParadisNår asfalten turkar og vi får soopt vekk grusen ettter vinteren, da er det fram med kritt for å teikne paradis.
Dette er populært både blandt jentene og gutane. 03.05.11 kl. 09:30
|
|
FuglekassarBarnehagen har iløpet av vinteren snikra 3 fuglekasser som oss når har hengt opp i skogen. Ungane har vore ivrige på både snikringa og da oss skulle henge dei opp. Oss vil fylgje med utover våren og sommaren om nokon busett seg i kassene våre. 03.05.11 kl. 09:23
|
|
TeaterSkulen har vore på teater. Det såg fyrst ut som ei campingvogn. Men det var ein teatersal. 02.05.11 kl. 15:34
|
|
LukasLeselystaksjonen er over. No har endeleg Lukas Fyrstikksvin fått piggar. Han har fått ein pigg for kvar bok vi har lese. 02.05.11 kl. 15:31
|
|
Velkomne att.Da er vi attende i skulekvardagen. Det var fint å sjå att elevane, og det var mange som bar preg av det gode vêret vi hadde i påska. Minnar om søknadsfrist til Kulturskulen neste år. Frist 1. mai. 26.04.11 kl. 15:45
|
|
Mykje vindDet var ei frisk avslutning på veka. Mykje vind gjorde det vanskeleg å stå på beina. Det hindra oss ikkje i å ha ei artig avslutning før vi tok helg. 08.04.11 kl. 15:16
|
|
BarneombudetVi har hatt besøk av barneombudet. Leiaren Reidar Hjermann fortalde oss kor viktig det er å varsle dersom vi ikkje har det bra heime. Nødtelefonen har nummer 116111. 29.03.11 kl. 15:50
|
|
Lukas FyrstikksvinÅrets leselystaksjon er oppstarta. Lukas Fyrstikksvin har ingen piggar. Over helga håpar vi at dei dukkar opp. Han får ein pigg for kvar bok vi les. 25.03.11 kl. 15:32
|
|
HundekvalparVi har i lengre tid høyrt om dei nette hundekvalpane til Eva. Fredag tok ho dei med til Sjårdalen. Dei er av rasa Cavalier King Charles Spaniel. Dei var så nette at det var vanskeleg å sende dei heimatt. 25.03.11 kl. 14:56
|
|
SkiturMed noko usikker værmelding reiste skulen på skitur på Heidalsskogen onsdag 23. mars. Det skulle vise seg å vera lurt. Vi heldt oss langs dei flotte scooter-køyrde løypene, og
Les meir »
25.03.11 kl. 14:45
|
|
DinosaurbøkerSkulen har akkurat avslutta sitt dinosaur-prosjekt. Dei har i grupper laga kvar si bok om kvar sin dinosaur. Bøkene kan du sjå i gangen på skulen. 25.03.11 kl. 14:33
|
|
"Det finnes ikkje dårleg vær...."Nå minkar det fort på sjoggen, og det blir mykje vatn ute ved oppvekstsenteret, til stor glede for ungane. Det er derfor viktig å ha godt med klede i korga si, slik at dei får skifta når dei blir blaute. 22.03.11 kl. 09:53
|
|
FantasifuglarDei største ungane i barnehagen har laga fantasifuglar og tre. Det er spanande å sjå kor forskjellige fuglane vart, sjølv om dei hadde same materiell tilgjengeleg. 22.03.11 kl. 09:42
|
|
Barnehagedagen 15.mars 2011Barnehagedagen i Sjårdalen vart markert ved at ungane spelte skodespel for gjestane våre, Etterpå gjekk vi i lavoen der vi grilla ostesmørbrød, epledessert, kaffe og varm saft. Værgudane var i godt humør og vi hadde ein kjempefin dag både inne og ute! 22.03.11 kl. 09:38
|
|
Matte overalt
Les meir »
17.03.11 kl. 11:48
|
|
Skrive på dataNo kan du øve deg på å skrive på data. Er du betre enn mamma og pappa?
Les meir »
09.03.11 kl. 13:51
|
|
TidsmaskinPå grunn av særdeles høg aldersgrense måtte Else vere den fyrste til å prøve vår nyinnkjøpte tidsmaskin. Ho reiste 4 600 000 000 år attende i tid. Det er nesten 5 milliardar år.
Les meir »
24.02.11 kl. 15:43
|
|
PysjfestTysdag 22.februar hadde vi pysjfest i barnehagen. Både store og små svinga seg etter musikke. Etter dansen slo vi katta ut av sekken og så åt vi pysje med lompe og heimlaga poptetstappe. 22.02.11 kl. 14:11
|
|
"Troll og Prinsesse"10.februar var det rikskonsert. Det var eit troll og ei prinsesse som kom på besøk. Ungane gav uttrykk for at dei likte konserten. 22.02.11 kl. 13:50
|
|
DompappDet er mykje dompapp i barnehagen for tida, og det er spennande å høyre dei svarar når vi tar med ut fuglane våre og spelar fuglesang. 22.02.11 kl. 14:03
|
|
Eksperiment med luft.1. og 2. klasse har arbeidd med luft. Dei lærte at luft er noko, og at den treng plass. Den utvidar seg ved oppvarming og trekkjer seg saman ved avkjøling. 15.02.11 kl. 14:43
|
|
Kleshengar.Vi har laga kleshengarar. Utskjering, spikking, pussing og maling var alt som skulle til for at vi kunne hengje opp jakkene våre. 15.02.11 kl. 14:34
|
|
SØKNADSFRIST 1.MARS!!!!1.mars er fristen for å søkje barnehageplass for 2011-2012. Søknadsskjema finn du under "lenkjer" til venstre på denne sida, og på Vågå kommune si heimeside under "skjema" 10.02.11 kl. 13:38
|
|
"Sol ute, sol inne...."I morgon, fredag 10.februar kl 12-14 feirar vi att sola er kome att. Vi ynskjer alle velkomne på solfesten vår!!! 10.02.11 kl. 13:09
|
|
GongetabellenNo er også 3. klasse klare for å lære om multiplikasjon.
Les meir »
28.01.11 kl. 15:58
|
|
Jutulen og BlessomenBlessomen fekk skyss med sjølvaste Jutulen. Det skulle vise seg å bli eit minne for livet.
Les meir »
20.01.11 kl. 15:17
|
|
Sjå på flya!
Les meir »
14.01.11 kl. 10:01
|
|
Godt Nyttår!!!I barnehagen starta oss det nye året med å lage rakettbilder. Ungane har brukt perlere, fyrstikker, paljetter og sølvtråd, og det vart mange forskjellige bilder 10.01.11 kl. 09:11
|
|
Velkomne att 4.januar 2011Mandag 3.januar er det planleggingsdag for personalet, da er barnehagen og skulen stengt. Fyrste dag etter nyttår for ungane blir tysdag 4.januar 2011. Velkomne attende:-) 21.12.10 kl. 23:29
|
|
Nå har vi vaska gulvet og vi har båre ved......Nå er det snart juleferie og vi driv med innspurten, både små og store. Ungane har produsert mykje fint i desember, de der heime får mange fine julegåver:))
Store og små vil med dette ynskje de ei riktig GOD JUL og eit GODT NYTTÅR!!! 20.12.10 kl. 13:09
|
|
Heimlaga is...nam-nam!!Fredag 10.desember laga vi is i barnehagen. Ungane laga sin eiga is, og fekk sjølv bestemme kva som skulle oppi. Det vart både ljose og mørke isar. I dag var tida inne for å smaka på den, kjempegodt!! 17.12.10 kl. 13:19
|
|
NÅ ER GAVESEKKEN KLAR!!Sekken med gavar frå barnehagen er klar og ventar på å bli med heim. Ungane har laga mykje fint i år og, så det er mange som kan glede seg til julekvelden 17.12.10 kl. 13:14
|
|
Julegrantenning og adventsmesseTradisjonen i Sjårdalen si at 2.sundag i advent er det julegrantenning og adventsmesse i Sjårdalen. Sjølv om graderstokken helt seg langt under null, så var det og denne dagen mange sjårdølar ved oppvekstsenteret, og nissane kom mannsterke.... 17.12.10 kl. 13:10
|
|
Nissen i skogen.Tysdag var vi på tur i skogen vår. Plutseleg dukka nissen opp. Han fekk graut, medan oss sang "på låven sitter nissen".
Ungane reagerte som at det var den rette nissen. 17.12.10 kl. 10:39
|
|
JulebakstUngane i barnehagen baka serinakaker og tyske skivar til foreldre og besteforeldre kafe. Dette tykte ungane var løyleg, og gode vart dei...nam-nam 17.12.10 kl. 13:00
|
|
LussekattarMandag 13.desember baka barnahagen lussekattar og gjekk i Luciatog og sang til skulen. Det var populært med rykande ferske lussekattar... 17.12.10 kl. 12:55
|
|
JuleverkstadFør jul har vi ved Sjårdalen oppvekstsenter felles juleverkstad for skulen og barnehagen der vi lagar julegaver, og bakar pepperkaker til avslutninga siste skuledag før jul. Denne dagen blir det laga mange fine julegaver, så kanskje du får ei av desse.... 17.12.10 kl. 12:45
|
|
Teikn til taleVi brukar dagleg teikn til tale. På internett kan du lære meir.
Les meir »
01.12.10 kl. 13:47
|
|
DuplotogEin ny vri i duplobygginga. Ungane laga tog av hyller og vegger av duplo 29.11.10 kl. 11:58
|
|
AdventskrokenI år har barnehagen sin egen adventskrok. Her vil vi ha adventsstund dei dageane som vi ikkje er saman med skulen. Ungane har vore med å laga stjernene, stallen og funne figurar som oss skal bruke. 29.11.10 kl. 11:54
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Premieutdeling. 10. juni. Utdeling av skimerker og symjemerker. Etter eit år med mykje symjing og skigåing var tida inne for å premiere innsatsen. På høgtideleg vis var rektor med og kasta glans over utdelinga. Det blei delt ut merker til alle, og gleda over å få merker gjorde at enkelte raskt sette seg nye mål for neste sesong.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
 |
|
 |
|
Gode nettsider
|
|
|
 Det nærmar seg sommarferie. Her er nokre forslag til kva du kan gjere dersom vèret blir dårleg. Om du er lei ferien, eller berre vil halde vedlike det du har lært. På internett er det oppgåver om det meste vi arbeider med. Det ligg linkar til mange gode nettstader frå heimesida vår. Klikk på "Skulen" og vidare på det faget du ønskjer å arbeide med. Det siste nye der er Abakus (matte), Zeppelin (norsk), Words (engelsk) og Cumulus (naturfag/samfunnsfag). Du kan også koma dit ved å klikke på dei i denne artikkelen.
|
|
 |
|
 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
 |
|
 |
|
OL i Sjårdalen 2010
|
|
|
 Torsdag gjennomførte oppvekstsenteret sin eigen olympiade. Det var seks greiner å konkurrere i. Noko kaldt frå morgonen av, men ikkje kaldt nok til å stoppe vårt OL. Opningseremonien starta med presentasjon av utøvarar frå Noreg, Sverige, Finland, Island, Danmark og Tyskland. Langrennsveteran Halfdan Kluften kom heilt frå Hellas med den olympiske eld, og kunne stolt ta av seg skia og opna leikane. Han drog raskt kjensel på dei heimsydde startnummera våre, og kunne fortelja at dei var brukt på skirenn då han var unge. Dagen gjekk så vidare over til hopp, slalåm, aking, skøyteløp, skiskyting og langrenn. Pølsegrillinga flytta vi inn for å få varma oss litt midtvegs i dagen. Til slutt fekk vi twistpremie, før vi tok med skia heim. Alle såg ut til å vera godt fornøgde med dagen. Du kan sjå meir viss du går inn på "Leik og moro" og vidare på "Bilete".
|
|
 |
|
 |
|
|
|
 |
|
 |
|
Diamantdikt.
|
|
|
 Her er eit godt eksemplar frå diktinga denne veka. Sofus,
mjuk, liten,
bjeffar, sleikar, hentar,
kos, glede, turvenn, samver,
snusar, sover, klatrar,
søt, snill,
hunden.
|
|
 |
|
 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Oppussing av lavvoen. 14.09.09. Lavvoen og området rundt lavvoen er no pussa opp og klart til ein ny vinter. Vi fekk med oss kyndig hjelp til å stramme opp lavvoduken. Elevane leita etter gull samtidig som dei fekk spadd utover ein stor haug med singel. Dei fekk også snikra nye benkar.
|
|
|
Kom på kafè! Alle er velkomne! Fredag 23. oktober har vi kafè frå klokka 1200-1400. Dette er den årlege FORUT-kafèen med underhaldning og diverse sal. Klokka 1200 byrjar underhaldninga. Etterpå vil skuleelevane selje kaffe, saft og kaker som skulen/barnehagen har baka. Det blir sal av varer vi har fått tilsendt frå FORUT og produkt vi på skulen/barnehagen har laga sjølve. Inntektene går i år til Nepal og eit prosjekt som FORUT har der. Les meir om FORUT på nettsida www.forut.no . Alle er velkomne til Sjårdalen oppvekstsenter!
|
Lite blad att på trea. Vi har følgt ei bjørk gjennom haustvekene, og no ser vi at bladfellinga omtrent er over. Berre nokre gulbrune blad er att i treet vårt, og vi ser at alle andre tre også ser ut til å tømast. Da er trea klare for vinter og snø, og det er vi også!
|
God FORUT-kafè. Også i år var det god oppslutning om FORUT-kafèen vår i Sjårdalen. Kafèen starta med underhaldning. Så var det opning av kafèen. Utanom vanlege kafèvarer kunne dei rundt rekna 100 gjestane kjøpe rognebærgele, såpe, armband og FORUT-varer. Dei som hadde hatt ei travel veke, kunne runde av fredagen med massasje til behageleg musikk og varm ljossetting. Sjårdalen bidrog denne dagen med 6422 kroner til FORUT sitt arbeid i Nepal.
|
Adventsmesse Det blir adventsmesse på skulen søndag 6. desember klokka 1800. Messe klokka 1800, tenning av julegran klokka 1845, og deretter musikk ved Lalm Musikkforening. Så går vi rundt juletreet og syng. Kvinnelaget spanderer kaffe, saft og biteti på samfunnshuset. Kven veit, kanskje får vi besøk av julenissen også? Vel møtt!
|
Knerten 6. november var vi ved Gapahuken. Der blei det spikka mange små Knerten-kopiar. Tydeleg inspirerte av boka og filmen om Knerten satte mange av ungane seg ned med ein pinne og kniv. Deretter surra dei pinnane saman til ein artig liten pinnemann. Alle bar namnet Knerten. Dette var nok vår siste tur til Gapahuken utan ski.
|
Visuell kunst. Fredag 11/9 fekk 3. og 4. klasse prøvd seg som skodespelarar. Kunstnaren Hilde Aagaard og teknikar Marit Anna Evanger kom for å laga film med oss. Først skreiv elevane ned draumane sine. Deretter blei draumane gjort om til skodespel. Dette blei filma, og etterpå inviterte dei 1. og 2. klasse på filmframsyning. Innspelinga blei så bra at vi måtte sjå det to gonger.
|
Tytingtur. Fredag 18. september var vi på den årlege tytingturen. Med bøtter og spann gjekk vi til angrep på lia mellom Kleppe og skulen. Det var ikkje så mykje bær å finne denne gongen, men triveleg hadde vi det uansett.
|
Gjekk til skulen. Torsdag 10. september var vi med på "Gå til skulen aksjonen". Kvart på åtte starta unge og vaksne å gå frå sør og nord i Sjårdalen. Alle med retning mot skulen. Sola og den friske morgonlufta gav oss ein god start på dagen.
|
|
|
Skuleåret 2009/2010.Skulen er godt i gang, og vi eksperimenterer litt med heimesida. Heimesida vår er på opptur. Vi øver oss og sprer erfaringane våre på huset. Snart vil vi kunne oppdatere etter spesielle hendingar/utflukter i barnehage- og skulekvardagen. Følg med!
|